Dei valde å bygge hus på nabotomten til Ingrid sine foreldre, noko som er særs praktisk for både Ingrid, Christian, besteforeldre og borneborn.
Ingrid er oppvaksen i Lifjorden og etter grunnskule på Hyllestad reiste ho til Høyanger for å studere frisørfaget. Christian er oppvaksen i Lavik, og etter at han var ferdig med grunnskulen reiste han og til Høyanger for å gå vidaregåande. Der møttes dei og resten er, som det heiter, historie.
Etter vidaregåande gjekk turen vidare til Bergen for Ingrid der ho hadde læretida si som frisør medan Christian reiste til Haugesund for å studere nautikk.
Begge har heile tida hatt som plan at dei skal flytte «heimover».
Og når mogelegheitane for jobb innan fag dei ynskte å jobbe med dukka opp, var valet lett. Ingrid har i nokre år jobba på Ernas Frisørstove, men skal til hausten starte opp eigen salong i frisørlokala i Britahuset på Hyllestad. Christian jobbar som prosjektleiar i Akvahub AS i Leirvik der han mellom anna jobbar med Bulandet Miljøfisk sitt pilotanlegg for landbasert oppdrett.
Av andre ting dei trekk fram rundt dette å «flytte heim» er nærleik til familie og vener viktig for dei. Det er eit enklare liv å bu her i forhold til ein by. Du slepp å bruke tida di på å stå i kø anten du skal til butikken, biblioteket, helsestasjon eller fritidsaktivitetar.
Det kjennest og veldig trygt å ha barnehagen så nær og dei ynskjer å gje borna sine same trygge og gode oppvekst som dei sjølv hadde.
På fritida, i den grad ein har noko slikt når ein har små born, syslar dei med hus og hage. Med eit nybygd hus er det alltid noko å gjere anten inne eller ute. Christian er i tillegg ein aktiv og ivrig politikar i Hyllestad, han prøver og å få trene litt i Hyllestadhallen, mellom anna med innebandy. Familien har eigen båt og kort veg til sjøen, så båtliv vert det tid til. I tillegg har dei kort veg til turar i skog og mark i naturen og fjella som omkransar Lifjorden. Dette er verdiar familien Hatlem Skår set høgt.
"Det er eit enklare liv å bu her i forhold til ein by"