Karsten og Karine budde mange år i Bergen før dei flytta tilbake til heimkommunen Hyllestad. Dei flytta heim i 2015 og budde på garasjeloftet hjå foreldra til Karine til dei i 2017 kunne flytte inn i eige hus på Rønset.
Hovudgrunnen til at dei hadde lyst til å flytte heim, var at dei ønkste å bu nærare familie. I mai 2017 vart Oskar fødd, og det å ha besteforeldra så nær er veldig kjekt for både store og små. Foreldra til Karine bur i nabohuset, og mor til Karsten og stefaren bur på Sørbøvågen. Karsten og Karine tykte begge at det var trygt og godt å vekse opp i Hyllestad, så dei var klare på at dei ønskte dette for Oskar òg. Oskar likar seg veldig godt i barnehagen på Hyllestad, og dersom dei skal trekke fram kva som er bra med å bu i Hyllestad, så er barnehagen høgt oppe på lista.
Dei siste åra dei budde i Bergen jobba Karine som sjukepleiar på Haukeland Universitetssjukehus, og Karsten som mekanikar og verkstadsleiar i Ramirent. No jobbar Karsten på asfaltfabrikk i Veidekke Industri, hovudsakleg i Listraumen, medan Karine jobbar som sjukepleiar på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Dei jobbar begge i turnus, og synes det er både fordelar og ulemper med dette. Vi har begge litt reisetid til og frå jobb, men vi slepp å stå i kø, seier dei.
Med turnusjobbing og som småbarnsforeldre så kjenner dei sjølvsagt på tidsklemma i periodar. Når dei har fri i lag likar dei å vere med familie og vener. Dei er glad i å gå på korte og lengre turar og å trene i Hyllestadhallen. Karine er også med i Hyllestad Røde Kors hjelpekorps, og så er det jo alltid noko å gjere på ein gard sjølv om dei ikkje har dyr.
«Det er nok å finne på, så ofte skulle ein ønskt det var fleire timar i døgnet. Vi angrar i alle fall ikkje på at vi flytta heim"