Besøke Hyllestad
Hyllestad som ligg fint plassert mellom Bergen og Førde. Reisetid til/frå Bergen er omlag 2,5 timar med personbil. Om du vil kan du ta hurtigbåt frå Bergen til Rysjedalsvika, ein tur som tek omlag 2 timar. Avstand til/frå Førde er omlag 1 time og 20 minutt med bil, og til Førde Lufthamn Bringeland omlag 1 time.
Førde Lufthamn Bringeland kan du lese om her.
Om du vil ta sjøvegen til Hyllestad kan du lese meir, og kjøpe billettar her.
Litt om Hyllestad
Hyllestad er kjend for sin omfattande produksjon av kvernstein. Produksjonen har truleg pågått i meir enn tusen år. Dette kan du oppleve på nært hald i Kvernsteinsparken i Hyllestad.
Informasjon om Kvernsteinsparken i Hyllestad finn du her.
Fjellet Lihesten er et landemerke på vestlandskysten og det høyeste fjellet i kommunen. Dette fjellet var 16. juni 1936 åsted for den første flyulykken innen sivil ruteflyvning i Norge.
Bildet øvst syner eine sida av Lihesten, fotografert frå Hyllestad. Bildet underst i artikkelen syner Lifjellet frå Lifjorden. Det er godt merka turløyper fleire stadar på fjellet, og ein tur her er spektakulært!
Lifjellet og Lifjorden fotografert frå Indrefjorden.
- Til og frå Hyllestad kjem du enklast med bil.
- Frå og til Bergen går det dagleg eksepressbåt og buss.
- Frå og til Førde går det dagleg buss.
- I Hyllestad går det buss til og frå skulen (når skulen er i drift).
På Fjord Norway si nettside kan du lese meir om Hyllestad og kva kommunen har å tilby.