Haukås Diskgolfbane

Diskgolf, eller frisbeegolf, er ein av dei individuelle øvelsane innan frisbeesporten, og målet er å treffe ei korg eller eit avtalt mål med færrast mogleg kast. Det offisielle internasjonale namnet på sporten er Disc Golf. I Norge blir den kalla for både Frisbeegolf, Disc golf og Diskgolf.

Korleis spele diskgolf

Diskgolf nyttar mange av dei same reglane og uttrykka som vanleg golf. Diskgolf kan i prinsippet spelast over alt, med tre og søppelkasser som mål, men nyare baner har metallkorger med kjetting som mål. Kjelde Wikipedia

Haukås Diskgolfbane er ei 10-holsbane med varierande vanskelegheitsgrad, som ligg ein kort køyretur frå Leirvik sentrum i retning Handal. Det finnast og eit oppsett for 18 hol, for dei som er meir erfarne.    

Utkasta på bana er bygd i tre og toppa med kunstgras. «Hola» er designa for variasjon med hensikt for at dei ikkje skal vere like. Bana er open for alle og er gratis å bruke. Utlånsdiskar er tilgjengelege på staden og parkering er like ved hol 1.      

Appen “Udisc” er fin å bruke for å registrere aktiviteten din. Den gjev deg også info og kart over bana slik at du veit kor du skal gå. Her ligg all infoen du treng for å finne og spele alle baner i verden.

Sidan oppstarten er det spelt over 3000 rundar på bana, av 231 ulike spelarar. Dette er berre dei som har registrert seg i appen, uregistrerte kjem i tillegg. Dette er sterke besøkstal då ein veit det er mange som ikkje registrerar seg i «Udisc» appen.

Du treng ingen kunnskap om diskgolf på førehand, alle kan kaste. Bana er alltid open og utstyr får du låne gratis!

Her finn du bana

For å komme til bana, tek du av frå Leirvik i retning Handal. Etter ein kort køyretur på Handalsvegen, tek du til venstre ved skilt til Haukås, og køyrer til endes av denne vegen og inn på tunet til Harald Eikelid. Ein kan og få vegbeskriving til bana i “Udisc” appen.

Litt om historia til Haukås Diskgolfbane              

Vi treff Jarle Løland, som er ein av eldsjelene bak prosjektet, ein strålande solskinsdag på Haukåsen og ber han fortelje litt om ideen og historia bak bana;         

Det var Robert Løland som tok initiativ til å få oppretta bana, mest grunna eiga interesse. Han vart med nokre vener i Bergen for å teste ut diskgolf der, då coronaepidemien herja for ei tid tilbake.

​Dette var ein av dei få aktivitetane ein kunne drive med under pandemien, med tanke på avstand til folk og smittefare. Han vart «hekta», og kontakta Leirvik Grendalag v/ leiar og bestefar Arne Dale med ideen om å opprette ei bane i Leirvik. Han fekk positiv respons, og Grendalaget sette i gang arbeidet med å søke om midlar til prosjektet. Leirvik Grendalag har fungert som ansvarleg søkar om tilskot til prosjektet.

​Dei hadde to område dei vurderte som aktuelle for diskgolfbane, og valet fall på Haukåsen. Dette var plassen det var lettast å opprette bana. På dugnad vart det rydda skog og kratt, laga stiar og montert «korger».

Harald Eikelid er grunneigar og stilte seg særs positiv til bana som ligg i tunet hans. Han likar litt liv og røre, og tykkjer det veldig kjekt med aktivitet rundt huset!

​I desember 2021 stod bana ferdig og klar til bruk.

Kven kan vere med

Du treng ingen kunnskap om diskgolf på førehand, alle kan kaste. I tillegg til den fysiske gevinsten er det sosialt og triveleg.

Så om du har lyst å prøve så er det berre å legge turen innom, bana er alltid open og utstyr får du låne gratis!

Kontaktperson

Telefon: 478 76 111       

E-post: robert.loland@hotmail.com                 

Besøk gjerne Haukås Diskgolfbane på facebook