Der kom idéen om å lage eit kompetansemiljø eller utviklingsavdeling som kan hjelpe bedrifter som ynskjer å utvikle seg i berekraftig retning. Tore Bråstad (BKK Enotek, då Multivolt), Øyvind Høie (Yatek), Hans Haddal (Skylesteinen) og Terje Eilertsen var primus motor bak initiativet. Fleire verksemder kopla seg på og seks ulike verksemder slo seg til slutt saman og stifta Akvahub som ei næringsideell forsking og utviklingsavdeling.
I dag har Akvahub ni eigarar: Multivolt, Yatek, Bulandet Miljøfisk, Aqua Development, Seaweed, Skylesteinen, Finio, Sulefisk og Aducate.
Visjonen til Akvahub er å vere ei drivande kraft for ei berekraftig utvikling av havbruksnæringa. I dag tilbyr dei sine eigarar og samarbeidspartnarar kompetanse og nettverk innan forsking, utvikling og innovasjon. Ei felles FoU-avdeling (forsking og utvikling) på tvers av eigarverksemdane er ein ressurseffektiv måte å mogleggjere innovasjon i små og mellomstore bedrifter. Akvahub bistår eigarar og samarbeidspartnarar med prosjektleiing, prosjektering og praktisk feltarbeid. Dei tek del i heile prosessen frå ide til gjennomføring.
I 2020 har Akvahub leia prosjekteringsarbeidet i Bulandet Miljøfisk. Vidare har dei sett ut, dyrka og hausta fleire tonn med sukkertare i Solund, Bjordal og på Fitjar. Dei er og prosjektleiar i prosjektet som inkluderar Sulefisk, Engesund Fiskeoppdrett og Osland Havbruk, og dei har koordinert forskingsarbeidet i felten. Praktisk taredyrking er i rivande utvikling og dei tykkjer det er veldig kjekt å få vere med å bygge opp denne kompetansen.
Akvahub har og ein del møteplassar som dei organiserar, slik som Havbruksgruppa i Hyllestad. Dei likar å involvere seg i prosjekt som har lokale og regionale effektar slik som rekruttering til havbruksnæringa, kompetanseheving, nettverksbygging og næringsutvikling. Dei har jevnleg dialog med oppstartsbedrifter som har idear inn mot havbruk og sparrar på idear og knyter dei saman med andre selskap dei ser kan passe å samarbeide med.
I år auka dei staben frå to til fire tilsette og 2020 handlar derfor om å settle organisasjonen, få dei nye tilsette varme i trøya og fokusere på å levere høg kvalitet i dei prosjekta og oppdraga dei har fått tillit til å jobbe med. Dagleg leiar, Asbjørn Dyrkorn Løland, ser svært lyst på framtida, då havbruksnæringa er i rivande utvikling, og det er mange problemstillingar og utfordringar å ta tak i for Akvahub. Dei neste åra handlar om å vidareutvikle Akvahub-modellen, få endå meir synergi mellom eigarane, samt identifisere, organisere og gjennomføre nye og berekraftige prosjekt.
Kontakt:
Telefon: 970 86 259
E-post: post@akvahub.no
Her finn du nettsida til Akvahub
Akvahub er og på facebook, sida deira finn du her