Baregod er opptekne av å tilby produkt som er bra for både miljø og folk, og dei tilbyr ulike former for massasje og velværebehandlingar. Du kan og kjøpe produkt hjå dei, både i butikken og på nett. Og med ujamne mellomrom vert det arrangert føredrag eller workshops med ulike tema.
Hjå Baregod kan du nyte litt luksus og eigenpleie i form av ansiktbehandling, reins, skrubb og spa. Dei er og opne for samarbeid med andre, og ønskjer veldig gjerne at fleire bedrifter i same kategori kan etablere seg i Hyllestad.
På Britahuset er dei i dag to bedrifter, Baregod og For Deg Frisør, og i underetasjen finn du eit sjølvbetent solarium.
Dei ser at ein hudpleiar eller fotpleiar hadde vore med på å styrke Britahuset som eit velværesenter. Dei oppmodar difor andre til å ta kontakt om dei ønskjer å starte opp noko liknande.
Anne Berit hos seier at ho iallfall skal halde på i ti år til og ser mange moglegheiter med bedrifta. Det er eit spennande yrke og det gjer godt å kunne tilby litt kvardagsluksus til innbyggjarane i Hyllestad kommune.
Baregod finn du i "Britahuset" i Hyllestad sentrum, tvers over vegen frå Hatleberg Bil og Maskin.
Kontakt:
Anne Berit Garnes
Telefon: 905 34 378
E-post: post@baregod.no
Baregod si nettside finn du her
Du kan og fylgje Baregod på facebook