Gode naboar og gardsfolk er grunnen til at det vart realisert. Campingen har aldri vore ei hovudinntenkt, heller ei attåtnæring når det var lite mjølk på garden.
Mona byrja sjølv å hjelpe til i 2010, då svigerforeldra byrja å dra på åra. Det er mykje arbeid å drive camping, alt frå vedlikehald til vasking og stort areal som må slåast og skogryddast. Ho skulle eigentleg berre hjelpe til eit år, men åra gjekk og ho er der framleis.
Frå 2013 tok Mona over drifta og styringa av campingen. I byrjinga hjelpte sonen til, og elles har ho hatt god hjelp frå gode naboar.
Det er spesielt ein nabo, som den dag i dag vert nemnd av dei faste campinggjestane og det er Kjell Torseth. Betre kjend som “Kjell med pipa”. I fire-fem år hjelpte han Mona kvar sommar, slik at ho kunne ta seg ei veke ferie. Mor til Mona hjelpte og til, men ho kunne ikkje engelsk så ho vaska, medan Kjell passa campingen. Han prata engelsk, fortalde gode historiar og var kjekt vertskap for gjestane.
Hjå Birkeland Camping kan ein bu i 4-manns hytte, slå opp telt eller overnatte i bubil. Ein kan leige eit større område om ein vil vere i fred. Med i leiga er og fri bruk av kajakk, robåt, fiskeutstyr, hengekøye og grill.
Det er mykje å ta seg til og Mona rår alle gjestane sine til å padle seg ein tur tidleg om morgonen for å nyte stillheita før dei legg ut på tur.
Aksevatnet som campingen ligg ved er i fuglefredingsområde. Føremålet med fredinga er å ta vare på det rike fuglelivet og fuglane sitt miljø. Det er eit viktig våtmarksområde som har særleg verdi som trekk- og hekkelokalitet for våtmarksfugl. Mona ser ofte ørn på sine padleturar, og tranene veit å lage lyd.
Sidan Mona driv campingen ved sida av full jobb, må ho gjere tilpassingar som «ein vandrande resepsjon». Ei tilbakemelding ho stadig får er at det er ryddig og pent på campingen. Det er noko som er viktig for Mona, i tillegg til å vere ein god vert.
Dei har mange faste gjestar som kjem år etter år, og generasjon etter generasjon, og det tykkjer Mona er kjekt.
Mona ser mange utviklingsmoglegheiter og boblar av idear. Utleige av bil, slik at bubil og campinggjestar kjem seg til turar og aktivitetar i regionen utan å må «ta med seg heile huset». Kanskje tilby flytande telt til overnatting på vatnet, og kajakk for born.
Av andre aktivitetar vil ho nemne "The Hyllestad Shetland pony show", som vert arrangert kvar sommar på Birkeland Camping. Det er ei helg med mykje liv og røre!
Kontakt:
Birkeland Camping
Mona Birkeland
Telefon: 979 68 131
E-post: mona.birkeland71@gmail.com
Birkeland Camping finn du og på Facebook