Perly serverar rykande fersk kaffi og fortel om korleis dette starta.
Det var fyrst og fremst takka vere sin gode kollega Tone Sissel Nyland at ideen om sjølvbetjent butikk vart tend. Etter ein Danmarkstur fortalde ho Perly om sjølvbetjente butikkar, og at dette kanskje var noko dei skulle tenkt på. Dette er ganske vanleg i Danmark, her i Norge er det vel flest daglegvarebutikkar som tilbyr sjølvbetjent betaling og kassasystem.
Hjå Perly fekk ideen tid til å «modnast» i bil til og frå jobb i Dale, og etter ei stund bestemte dei seg for å hoppe i det.
Perly og Tone gjekk i gang med planlegging og undersøkingar kring dette, og det utpeika seg ganske snart eit lokale der ein slik butikk kunne etablerast.
Etter at Reiduns Blomster takka for seg i Leirvik senter, vart det eit ledig lokale der ho tidlegare hadde sin butikk. Mange sakna butikken til Reidun der dei kunne kjøpe ein blomsterbukett, gåver og liknande så dei visste at det var ein marknad for slike varer.
Dei lufta ideen sin med styreleiar for Leirvik Senter, Roar Einen. Han var positiv, så då var det berre å setje i gang. Butikkbransjen går og mot tøffare tider, så dei vart av leverandørar oppfordra til å tenke nytt – og resultatet er mellom anna denne sjølvbetjente butikken.
Beliggenheita passa perfekt då Perly bur på Sognnes og pendlar dagleg til Dale, og kan stikke innom butikken i Leirvik titt og ofte. Anita Høyum jobbar og på blomstertorget i Dale, og pendlar dagleg frå Leirvik. Tone Sissel bur i Lavik og pendlar og til Dale, så alle tre byter på å stikke innom butikken i Leirvik for tilsyn og påfylling av varer.
Butikken ligg sentralt plassert for kundar i heile kommunen og kommunane rundt. Den har lett tilkomst for alle, og varelevering er enkelt då bygget er bygd for butikkdrift.
Nokre av kundane kvir seg sjølvsagt litt på den sjølvbetjente kassa og betaling, då dette er ganske nytt for ganske mange. Her kan ein betale med kort eller vipps, og det heng oppslag i butikken med god informasjon om korleis ein brukar systemet.
Dei har og og eit særs godt samarbeid med Bunnpris Leirvik og Ernas Frisørstove som melder vidare om det er problem av noko slag. Men dei oppfordrar sjølvsagt alle til å lese informasjonplakatane og å prøve seg fram!
Perly & co er opptekne av det faglege, og set saman blomsterbukettar og dekorasjonar sjølv. Det er og viktig for dei at ein ikkje oppdagar alt dei har i butikken ved fyrste augekast. Følesen av å gå på «skattejakt», og å finne ting i butikken som ein ikkje ser med ein gong, er noko dei ynskjer å promotere.
Blomstertorget i Leirvik er ikkje ein «Nr.2» butikk i forhold til den større butikken i Dale og det er viktig å fornye seg slik at kundane ikkje ser dei same varene heile tida.
Om du som kunde ser noko i butikken i Dale som du kunne tenkt deg, men ikkje finn i butikken i Leirvik, er det berre å kontakte Perly så får dei frakta det til Leirvik så du kan hente det der.
Kontaktinformasjon:
Telefon (Perly): 951 56 932
Besøk gjerne Blomstertorget på Facebook