Bunnpris Leirvik

Daglegvarebutikken, Bunnpris, finn du i Leirvik Senter. Butikken har vore der sidan senteret vart opna i 1986,  men har opp gjennom åra vore innom mange ulike butikkjeder

No har dei vore tilknytt Bunnpris sidan 2011 og trivast godt med det. Roar Einen vart tilsett som dagleg leiar i butikken allereie i 1991 og overtok drifta i 2000. I dag er dei 8 tilsette i tillegg til skuleungdomar som hjelper til med å plassere varer etter skuletid.

Roar seier at Bunnpris er ei av få kjeder som tillet eigarar litt friheit til å gjere som dei vil. Det tykkjer han er ekstremt viktig på små plassar som Hyllestad. Han kan difor ta inn lokale varer og utstyr til hytteeigarar og turistar som treng hushaldsartiklar - eller fiskeutstyr utanom vanleg daglegvare.
Forutan å vere kjøpmann er dei tilsette og «postmann», «bankmann», «lottomann» og «farmasøyt». Dei har med andre ord mange oppgåver å handtere. Det er viktig å ta seg tid til dei som trenge hjelp og yte litt ekstra service.

Roar legg ikkje skjul på at dei er meir eller mindre avhengig av Havyard og turisme for å halde butikken gåande året rundt. Han er veldig positiv til havbruksmiljøet som har etablert seg i Leirvik. Det er eit godt støtteapparat å ha, og elles må ein berre gjere det beste ut av det. Roar har vore gjennom både opp- og nedturar, og er godt vant med å takle gode og dårlege tider. Han er ein pådrivar som ikkje gir opp med det første.

 

Kontakt:

Butikksjef Roar Einen.

Telefon: 577 88 174

E-post: roareine@online.no

Her kan du besøke Bunnpris Leirvik si nettside.