Finio

Året var 2016 då Fred Åge tok sjansen og sa opp jobben i Førde. Han fekk leige ein hall på Sørbøvåg og fekk nokre reparasjonsjobbar på bil slik at han fekk dekka utgiftene. Men det tok berre nokre veker før han tenkte at om han verkeleg skulle satse, så måtte han kjøpe heile bygget. Dette vart starten på det som etterkvart vart Finio.

Fred Åge Hyllestad hadde jobba som bilmekanikar i veldig mange år og byrja verte lei av jobbpendling til og frå Førde. På den tida pågjekk det eit omstillingsprosjekt i Hyllestad kommune, der noko av prosjektarbeidet gjekk ut på å ta kontakt med folk i ulike bransjar for å høyre om dei var interesserte i starte eiga bedrift. Dei kontakta mellom anna Fred Åge, og høyrde om han ville dei skulle gjere ei marknadsundersøking for å sjå kva behov som var i kommunen. Det ville han veldig gjerne vere med på, og i undersøkinga kom det fram at det var eit behov for reparasjon av nærliggande båtar, då spesielt frå oppdrettsnæringa.

Året var 2016 då han tok sjansen og sa opp jobben i Førde. Han fekk leige ein hall på Sørbøvåg og fekk nokre reparasjonsjobbar på bil slik at han fekk dekka utgiftene sine. Men det tok berre nokre veker før han tenkte at om han verkeleg skulle satse, så måtte han kjøpe heile bygget. Saman med Tore Bråstad, som er ein god sparringspartnar for Fred Åge, kjøpte dei bygget og etablerte Freto Eigedom AS. Tore hadde lang erfaring med næring og utvikling, og det føltest trygt å gjere denne investeringa i lag med han.

Fred Åge har alltid hatt interesse for båtar og sjarkar og han hadde lyst å jobbe meir med det. Bil hadde han jobba med i så mange år at no var han var klar for nye utfordringar. Han starta med å kontakte fiskeoppdrettarar for å fortelje om bakgrunnen sin, og kva han kunne tilby, og sakte men sikkert balla det på seg med oppdrag.

Han reiste rundt til dei ulike lokalitetane og jobba mobilt, men såg at det var eit stort behov for større fartøy å kunne komme opp på land og inn i hallen på Sørbøvåg. Han trong med andre ord ein slipp.

Å få bygge opp ein slipp var ikkje berre enkelt. Spørsmål som, "kor stor den skulle vere og kva kapasitet skal den ha", kom opp. Han bestemte seg for å gå «all in», og gjere den størst og lengst mogleg. No har han ein slipp som kan ta opptil 200 tonn.

Mange var skeptisk, og sa det ikkje kunne verte lønnsamt. Det viste seg at dei tok feil, og slippen stod ferdig i 2018. Etter at slippen kom på plass, auka arbeidsmengda til Finio betrakteleg.

No kunne ikkje Fred-Åge lenger vere einaste tilsette i Finio, så han fekk med seg Kurt Per Hatlem på laget. Kurt hadde lang fartstid frå oppdrettsnæringa der han var driftsleiar for Firda Seafood Group. Kurt var den rette mannen for Finio då han hadde eit stort nettverk i oppdrettsnæringa, og vart fort ein nøkkelperson.

I tillegg vart Marko Vujicic tilsett. Fred-Åge vart tipsa om ein flittig arbeidskar som kunne vere av interesse, og Marko er no ein veldig viktig mann for Finio og tek seg av alt av maling og sprøyting.

I periodar med mykje aktivitet er Finio so heldige å få leige inn arbeidskraft i Andreas Mjell Hofsvik (som tidlegare var tilsett hjå Finio, men som no er på skule i Bergen) og Vegar Bygstad. To dyktige og arbeidsame ungdommar, som Fred-Åge set stor pris på. 

Finio er og open for å ta inn lærling i motormekanikk eller industrimekanikk. For Fred Åge er det viktig at dei som jobbar der har fagkompetansen som trengst og at dei er sjølvdrivne.

I dag har Finio spissa kompetansen sin mot båtar og fartøy. Finio kan utføre reparasjonar og ombygging, vedlikehald, overflatebehandling, sveising, godkjenning og klassing av båt, samt elektroarbeid og innreiing. I tillegg er dei forhandlar og samarbeidspartnar med Frydenbø. Finio prøver å dra nytte av ressursane som finnast i kommunen og leiger inn relevante firma til ulike oppgåver, slik som til dømes hydraulikk og elektro.

Fram til no er det godt utført arbeid og jungeltelegrafen som har gitt dei nye oppdrag og fleire kundar.

Nøgde kundar er det aller viktigaste for Finio. Fred Åge har lyst til å få meir tid til å reise ut på anlegga for vidare oppfølging og kontakt. Han tenker at Finio må få sin eigen servicebåt slik at dei får moglegheit til dette. Det er viktig å vere oppdatert på det som skjer.

Fred Åge er overtydd om at det vil bli mogleg å satse meir og gje enda meir gass. Men då vil han ha fleire med på laget. Han er open for samarbeidspartnarar, og seier han ikkje er framand for å få fleire med på eigarsida. Han tykkjer det hadde vore kjekt om fleire i same bransje etablerte seg i hallen, slik at dei saman kan bli eit servicesenter for havbruksnæringa.

​Fred Åge har mange idear, men er framleis usikker på kva han vil satse på. I fyrste omgang skal han få laga ein ny port på hallen, slik at han kan ta inn større og høgre båtar. I tillegg har han veldig lyst å få til ein molo, det trengst verkeleg. Men for å få det til, må han ha stein - i tonnevis.

Framtida er lys og moglegheitene er mange for Finio. No er det opp til sjefen sjølv å finne ut kva veg han ynskjer å gå.

 

Kontakt:

 

 

 

 

 

 

Finio AS

Telefon: 970 40 815

E-post: post@finio.no

Du finn og Finio AS på facebook