I dag ligg begge dei nemnde selskapa, og fleire søsterselskap i oppdrettskonsernet Firda Seafood Group AS som har hovudkontor på Byrknesøy i Gulen kommune.
I 2004 kjøpte Firda Sjøfarmer innmaten i Hyllestadbedrifta Fjordfisk AS beståande av to konsesjonar og to lokalitetar med fisk og driftstilbehør. Den gong var det to og eit halvt årsverk som drifta to lokalitetar, i dag er det ti tilsette på avdelinga i Hyllestad som driftar 4 lokalitetar, tre av dei i Hyllestad og ein i Askvoll.
Utviklinga sidan 1986 har vore enorm. Firda Seafood Group AS er eit fullintegrert oppdrettskonsern for produksjon av laks og fjordørret. Dei har klekkeri, settefisk, matfisk, slakteri, eksport og shipping, det einaste som manglar er stamfisk. Det er ikkje mange andre som har ting so tett som det dei har.
Bedrifta jobbar med å få ASC-sertifisert lokalitetane sine. ASC-standarden er ein frivillig berekraftsstandard som har fokus på at oppdrettsanlegga skal minimere påverknad på miljø og lokalsamfunn. Frå før er dei Global GAP sertifisert.
I Firda-konsernet er dei oppteken av å skape arbeidsplassar i kommunane dei har drift og kjøper difor mykje lokalt, og prøver å utvikle nye arbeidsplassar i staden for å leige inn andre aktørar. Shippingavdelinga som no har til saman fem båtar kan vere ein alternativ plass å jobbe sjølv om du bur i Hyllestad. Dei har turnusordning der du er to veker på og to veker av.
På avdelinga i Hyllestad startar dei kvar morgon med eit planleggingsmøte før dei tilsette reiser ut på dei ulike lokasjonane. To av dei ti tilsette er kvinner, og dei har i dag ein lærling og er oppteken av å ta inn både lærling og sommarvikar kvart år.
Dei tilsette jobbar som driftsteknikar. Deira jobb er å fôre, kontrollere og passe på at fisken har det bra. Dei må også gjennomføre lett vedlikehald av teknisk utstyr og anlegg, samt meistre bruk av båt og utstyr.
For å jobbe hos Firda Sjøfarmer er det ein fordel om du har utdanning innan akvakultur. Men god arbeidsvilje og moral er det viktigaste. Firda tilbyr også fagbrevsutdanning til ufaglærte tilsette som har jobba fleire år i bedrifta.
Kai-Arild Hatlem har vore driftsleiar for avd. Hyllestad sidan 2018. Han var ferdig med lærlingtida i Fjordfisk same år som dei vart kjøpt opp, og blei med over til Firda Sjøfarmer. I byrjinga jobba han som røkter, men blei etterkvart lokalitetsansvarleg. Då han overtok som leiar hadde han god arbeidserfaring internt i bedrifta, men visste lite om korleis det var å vere driftsleiar. Men han har lært undervegs, og har hatt gode kollegaer han kunne ringe til.
Firda Sjøfarmar har til saman 12 lokalitetar som er fordelt på to driftsleiarar. Dei er eit godt team og har mykje kontakt med kvarandre. Som driftsleiar er Kai-Arild med ut på anlegg når det er større operasjonar, men elles er han for det meste på kontoret. Han har mykje kontakt med fiskehelsebiolog/veterinær og jobben krev ein god del planlegging innan drift og innkjøp.
Framtida må også planleggast. For å kunne utvikle seg og ekspandere er dei nøydd til å finne ein ny landbase. I dag leiger dei lokala til Fjordfisk, men på grunn av rasfare får dei ikkje lov til å utvide området. Eit av kriteria til Kai-Arild då han overtok som driftsleiar var å få betre fasilitetar for dei tilsette.
No har dei fått kjøpt område på Eide hamn og er godt i gang med reguleringsplanane. Men det er mykje som må takast omsyn til, og med korona har alt blitt satt litt på vent. For Firda Sjøfarmer er det viktig at dei kan finne ei løysing som fungera for alle parter. Ein annan ting dei ønskjer å gjere, er å utvikle lokalitetane sine, men for å komme i gong med det må kommuneplanen verte ferdig regulert.
Kontakt:
Kai-Arild Hatlem
Telefon: 900 68 421
E-post: kai.hatlem@firdasea.no
Besøk gjerne Firda Seafood si nettside