Frode med 3 av bilda han har malt i atelieret sitt på Hyllestad.Etter å ha teke fagbrev som linjemontør i 1994, flytta han til Førde for ein kort periode. I denne tida gjekk han arbeidsledig og starta difor opp att med litt teikning og maling. Dette førte til at han søkte på Kunstskulen i Bergen, og byrja der i 1995.
Sjølv om det var ei nyttig og fin oppleving, var hovudet hans litt «alle vegar» og han klarde ikkje heilt å finne roen til å gå vidare. Han avslutta difor skulegangen etter eitt år og flytta til barndomsbyen Oslo, der han tok siviltenesta si på Lilleaker fritidsklubb.
Der fekk han nytte sine kreative evner til å mellom anna lage plakatar, og det var då han tenkte at grafisk design var ei retning å gå. Han flytta tilbake til Bergen, og byrja å studere grafisk design ved Merkantilt Institutt (no Norges Kreative Høgskule) i 2001.
Etter endt skulegang fekk han eit tips frå rektor om at det var eit reklamebyrå i Bergen (Oktan) som søkte folk. I dette byrået jobba ein tidligare lærar, og etter ein prat med han fekk Frode moglegheit til å jobbe der i eit halvt år som praktikant. For å få ting til å gå rundt økonomisk, jobba han på konsertscena på USF Verftet. Det var ei travel tid, men då det halvåret var over fekk han han tilbod om fast jobb.
Etter å ha jobba nokon år i dette reklamebyrået sa han opp og starta sitt eige selskap. Fleire av kollegene i Oktan hadde slutta og byrja i eit firma som heiter Mediacircus. Gjennom dei fekk han tilbod om å byrje som fast frilanser. Her jobba han med reklame, design og grafikk for TV. Samstundes fekk han tips om at hans tidligare skule trengde nokon til å undervise på grafisk design-linja. Frå 2008 til 2013 kombinerte han difor jobben som frilanser med undervisning, noko han har trivast godt med.
Reklamebransjen var til tider svært hektisk. Det var eit stort press på å levere på bestilling og å selje, noko som ofte resulterte i at han mangla overskot til å drive med kunsten sin.
Etterkvart fekk Frode og sambuar Sissel, som også er frå Hyllestad, born. Dei byrja å tenke på å flytte heim. Frode kontakta skulen i Hyllestad og spurde om dei trengte hjelp, noko dei gjorde. Då dei flytta tilbake til Hyllestad starta han for alvor å male att. Han fekk låne gamleskulen på Hyllestad der han innreia eit lite atelier for å få moglegheit til å utvide hobbyen til noko meir .
Samstundes fekk Frode ein del oppdrag frå lokale bedrifter som trong reklame- og designhjelp. Ei av bedriftene var Norsk Kvernsteinsenter. Her jobba han i ein periode som museumspedagog.
Som ansatt på Hyllestad skule samarbeida han med Norsk Kvernsteinsenter på eit unikt prosjekt, der elevane skulle lære seg korleis det var å leve for tusen år sidan. Dei fekk prøve hogging i stein, smiing og matlaging. Hovudmålet var at dei skulle lære seg å formidle historia vidare til andre skuleklassar. Elevane fekk og prøve å gjere om råmateriale til pigment som dei kunne lage oljemaling av.
Samtidig fekk dei lære seg å formidle det dei hadde lært, vidare i moderne media. Dei skreiv blogg og lærte seg korleis ta bilete som eignar seg i sosiale media. Eit spanande prosjekt som tek inn både gamle og nye teknikkar.
Frode har i dag mange ballar i lufta, men uansett kva han gjer er det alltid ein form for kreativitet til stades. Han jobbar framleis med grafisk design på oppdrag frå bedrifter, men det er malinga som er lidenskapen hans. Når han har moglegheit, er det maling han driv med. Her finn han ein indre ro og timane flyg av stad. Inspirasjonen er det vide øde landskapet, godt blanda med den gode lukta av maling og linolje.
Frode flytta etterkvart atelieret sitt inn i Prestegarden Kulturhus, saman med Folkeakademiet, Sogelaget og Norsk Kvernsteinsenter. Dei jobba alle mot det same; ta vare på Hyllestad si arv og kultur og formidle den vidare. Når dei alle var i same bygg, vart det ein del samarbeid og felles aktivitetar.
No har Frode atelieret sitt opp i andre etasje i Fleirbrukshuset på Hyllestad. Har du lyst å sjå kva Frode jobbar med, er det berre å ta turen innom. Han set pris på besøk, og gjerne ein samtale om kunst og design over ein kopp kaffi. Han har jamnleg dagar med ope atelier, men han kjem også til å arrangere utstillingar framover.
Kontakt:
Frode Holst
Telefon: 920 41 651
E-post: frodeholstdesign@gmail.com
Her finn du Atelier Holst på Instagram
Atelier Holst har og nettside, den finn du her