Hatleberg Bil og Maskin AS

Hatleberg Bil & Maskin er ein familieeigd bedrift som vart starta opp av Kjell Hatleberg i 1982. Det skulle i utgangspunktet vere ein verkstadsbygg på garden i Dalsbygda, men utvikla seg fort til å bli ein bilverkstad.

Mekanikar Frode Hatleberg skrur på bil på løftebukk i verkstaden. - Klikk for stort bilete

I 1987 flytta dei bedrifta til Hyllestad og då utvida dei verkstaden til og å verte bensinstasjon med sal av utstyr. I 2015 tok sonen, Frode Hatleberg over bedrifta og vart dagleg leiar. Men mor og far er der framleis og hjelper til med både stort og smått. Dei har samarbeid med Bosch-kjeden og sel produkt frå Honda. I tillegg har dei tilført bedrifta ein slangeverkstad og sjølvvask stasjon.

Hjå Hatleberg Bil og Maskin kan du få utført all reparasjon av bil, uansett om den er ny eller gamal, om den går på bensin, diesel eller strøm. Dei tilbyr service, EU-kontroll og dekkskift. Dei har også dekkhotell for dei som trenge det. 

Dei er medlem av Superdekk-kjeden som leverer dekk og felgar. I tillegg til reparasjon på bil, kan dei og reparere plenklyppar og motorsag, og dei har hagereiskap og bilrekvisita til sals i butikken.

Bilbransjen er stadig i utvikling og det er viktig og halde følgje med tida. For nokre år sidan tok Frode eit omfattande kurs som systemteknikar gjennom Bosch. Det gjer at han no har ein større kunnskap og forståing for system i bilar, - ny som gamal. 

Det er rikeleg med arbeid hjå Hatleberg Bil og Maskin og det er ei utfordring å få gjort unna alt utan at folk må vente lenge. 

 

Kontakt:

Hatleberg Bil og Maskin AS

Hyllestadvegen 406, 6957 Hyllestad

Telefon: 577 88 588

Eller på mobil: 958 76 565

E-post:  post@hatlebergbil.no

Hatleberg Bil og Maskin på Facebook

For meir informasjon, besøk gjerne nettsida deiras