Dei kan hjelpe deg med det aller meste innan muskel og skjelettlidingar, som nakke-, rygg- og bekkenplager, skulder-alboge og hand problem, hofte-, kne- og fotlidelsar, samt opptrening etter skader, mm.
Ein kan kome til dei med eller utan henvisning frå lege/spesialist. Dei prøver å ha kort ventetid og har eit godt samarbeid den øvrige helsetenesta og andre instansar i kommunen og utanfor kommunen.
Begge terapeutane har lang fartstid. Ann Therece kom som nyutdanna fysioterapeut i 1988, og med unntak av nokre år med vidareutdanning til Manuellterapeut i Oslo, så har ho vore i jobb i Hyllestad. Manuellterapi er ei vidareutdanning innan fysioterapien, og manuellterapeuten kan henvise til røntgen, MR, legespesialist, samt sjukmelde inntil 12 veker.
Kari jobba fem år på opptreningssenter i Meråker, før ho kom til Hyllestad, og har brei erfaring derifrå. Ho har planer om å vidareutdanne seg innan lymfeødembehandling, men koronasituasjonen gjer det uvisst kor tid ho får starte opp.
Begge terapeutane er opptatt av å jamnleg oppdatere seg fagleg, og er av den meining at fysioterapitilbodet ut i distriktet skal vere minst like godt som i sentrale strøk. Dei tenkjer heilhet i pasienttilnærminga si, og hjelper pasientane med trening og behandling ut i frå kva situasjon pasienten er i. Til Hyllestad fysio og manuellterapi kjem det pasientar i alle aldrar, frå barn til folk over 90 år, og dette mangfoldet gjer at terapeutane finn jobben sin spennande og interessant.
Kontakt:
Manuellterapeut Ann Therese Nord
Du når ho på telefon: 577 89 547
Eller på mobil: 975 34 690
Fysioterapeut Kari Einen
Du når ho på telefon: 577 89 514
Eller på mobil: 995 21 528