Hyllestad kommune gjenvinningsstasjon

Gjenvinningsstasjonen i Staurdalen vart sett i drift i 2006. Den er ein del av Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM), som er skipa av kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gaular, Førde, Naustdal og Jølster i medhald av lov om interkommunale selskap.

Driftsoperatør Atle Tonning framfor bygg med snø på taket. - Klikk for stort bilete

Er du abonnent i ein av SUM-kommunane står du fritt til å bruke den gjenvinningsstasjonen som passar best, sjølv om den ligg i nabo-kommunen. På gjenvinningsstasjonen i Staurdalen treff du Atle Tonning. Han er ansvarleg for drift av stasjonen, og ei av oppgåvene til Atle er å kontrollere avfallet som du leverer. For å gjere dette så effektivt som mogeleg, tykkjer han det er bra om du leverar avfallet i gjennomsiktige sekkar.

Som privatperson og betalande abonnent kan du levere treverk etter eige ombyggingsarbeid utan ekstra betaling. Det same gjeld til dømes klorparafinvindauge, cca-impregnert treverk. Asbest må leverast i Hesjedalen i Førde. Næringsdrivande betalar for per kubikk dei leverar inn.

Næringsdrivande skal registrere seg i Avfallsdeklarering.no for å kunne levere farleg avfall på miljøstasjonen. Dette er ein fordel for næringsdrivande då dei på denne måten kan dokumentere at dei leverar farleg avfall på godkjendt mottak ved eventuelt tilsyn.  

Du kan levere avfall i Staurdalen kvar onsdag mellom kl. 12 og 18. Du treng ikkje å melde frå på førehand, men om du til dømes har mykje stål kan det vere lurt å ringe før du kjem.

Gjennvinningsstasjonen i Staurdalen har mange besøkande og avfallsmengda aukar for kvart år. Dei har eit sterkt ynskje om å få utvide stasjonen med tre til fire containarar til. Dette for å utnytte fyllingskrava, men og for å spare miljøet med mindre køyring av last. Dei er i dialog med Sunnfjord Miljøverk om utviding av miljøstasjonen når ein frå før er i gong med å utvide næringsarealet i Staurdalen.

I tilknyting til gjenvinningsstasjonen i Staurdalen finn du Bruktbua. Hyllestad er einaste kommune i SUM som har dette tilbodet. Bruktbua var opprinnleg bygd som ein Grimstad-garasje, men Atle og Kjell Eide (noverande ordførar) hadde fleire planar for bua. Dei ville at dette skulle verte ein møteplass og ein plass der folk kunne få kjøpe - og levere, brukte ting. Så nokre år etter at gjenvinningsstasjonen var sett i drift, fekk Atle og Kjell bygd om garasjen og opna Bruktbua.

Bruktbua er veldig populær og det er mange faste som er innom kvar onsdag. Mange har faste plassar i Bua og det er veldig sosialt. Folk kjem ens ærend, nokre gonger langvegs frå, berre for å vere på Bruktbua. Her kan du få kjøpt bøker, koppar og kar, kjøkkenutstyr, leikar og sesongvarer.

Det varierar veldig kva som kjem inn, og ofte forsvinn det same dag. Nokre spøkefulle kallar det for shoppingsenteret i Hyllestad. Dei tek imot nesten alt, bortsett frå elektronikk. Det har dei ikkje lov til å selge vidare. 

Så om du vil bli kvitt noko som du trur andre kan ha bruk for, oppfordrar ho til å ta det med til Staurdalen i staden for å kaste det i søpla.

Atle spør alltid folk som kjem på gjenvinningsstasjonen om dei har noko som kan leverast til Bruktbua. Men stort sett har folk allereie sortert det dei ønskjer skal gå til gjenbruk. Folk har vorte mykje flinkare til å sortere avfall, noko som gjer jobben til Atle lettare.

 

Kontakt:

Driftsoperatør Atle Tonning

Du når han på telefon: 975 30 458

Eller du kan sende han ein e-post: Atle.Tonning@hyllestad.kommune.no