Hyllestad kommune landbruk

Landbruksforvaltninga har eksistert i Hyllestad kommune sidan 1930-talet. Staten har pålagt kommunane å utøve landbruksforvaltning, på lik linje som dei er pålagt å tilby skule og helsetenester. Før hadde kvar kommune si eiga landbruksforvaltning, men ettersom åra gjekk vart einingane mindre og mindre.

På starten av 2000-talet byrja dei difor å sjå på moglegheitene for å slå seg saman. Etter at den nye kommunereforma kom vart det enda meir naturleg å slå seg saman, og i dag er Sunnfjord kommune den største landbruksforvaltninga i Vestland.

​Frå 1. august 2020 vart landbruksforvaltninga i Hyllestad slått saman med nabokommunane Askvoll og Fjaler, og dannar ei felles landbruksforvaltning for dei tre kommunane.

Dei tilsette skal kunne mykje innanfor eit stort arbeidsfelt, og då er det fint å vere fleire medarbeidarar. Askvoll kommune er vertskommune og har hovudkontoret, men det er kontordag ein til to dagar i veka i Fjaler og to dagar i veka i Hyllestad kommune.

Til saman er dei fem tilsette og i Hyllestad treff du hovedsakleg Liv Synnøve Andersen. Sidan det varierar kva dag landbruksforvaltninga er på kontoret i Hyllestad er det ønskjeleg at du tek kontakt på førehand for å avtale møte.

Landbruksforvaltninga for Hyllestad, Fjaler og Askvoll kommune tek seg av oppgåver innan forvaltning og rådgjeving knytt til landbruket. Viktige oppgåver er tilskotsordningar, lovforvaltning og næringsutvikling. Landbruksforvaltninga dekker fagområda jordbruk, skogbruk, utmark, og viltforvaltning. For å kunne jobbe med landbruksforvaltning bør du ha ein landbruksfagleg utdanning, til dømes innanfor agronomi, skogbruk og naturforvaltning.

Dei har fordelt arbeidsoppgavene mellom dei fem tilsette, så sjølv om Liv er den som oftast er i Hyllestad, betyr det ikkje at ho åleine er ansvarleg for sakene i Hyllestad. Det varierar heilt etter arbeidsoppgåvene. Liv har til dømes mykje med tilskot å gjere, uavhenging om du tilhøyrer Hyllestad, Fjaler eller Askvoll kommune.

Dei tilsette ser at samfunnet blir meir digitalisert og dei har ikkje like mange fysiske møter med jordeigarar som før. Det viktigaste for jordeigarar er at dei tilsette på landbrukskontoret er tilgjengelege når dei tek kontakt. 

Om du ønskjer å gjere avtale for samtale med ein sakshandsamar, kan du ta kontakt på telefon 577 30 700 

Eller så kan du sende dei ein e-post på: postlaf@askvoll.kommune.no

 

Du kan og ta kontakt med den enkelte:

 

Landbrukssjef Johannes Folkestad

Du når han på telefon: 577 30 737

Eller du kan sende ein e-post til: johannes.folkestad@askvoll.kommune.no

 

 

Rådgjevar landbruk Lina Andrea Haugen Herstad

Du når ho på telefon: 577 30 736

Eller du kan sende ein e-post til: Lina.Andrea.Haugen.Herstad@Askvoll.kommune.no

 

 

Rådgjevar landbruk Liv Synnøve Andersen

Du når ho på telefon: 577 30 738

Eller du kan sende ein e-post til: liv.synnove.andersen@askvoll.kommune.no

 

 

Fagkonsulent landbruk Kenneth Aaland

Du når han på telefon: 577 30 379

Eller du kan sende ein e-post til: kenneth.aaland@askvoll.kommune.no

 

 

Konsulent landbruk Velaug Eikemo

Du når ho på telefon: 577 30 735

Eller du kan sende ein e-post til: velaug.eikemo@askvoll.kommune.no