Hyllestad kommune næringsutvikling

I tida før 1980-talet vart næringsarbeidet utført av ordførar og ved at det vart danna politiske plangrupper som arbeidde med prosjekt.

 

I 2014 var Hyllestad kommune med å etablere HAFS Utvikling AS, eit dotterselskap av Lutelandet Utvikling AS. Hyllestad kommune skulle kjøpe næringstenester frå dette selskapet når omstillingsperioden var over i 2015. Selskapet sitt føremål var å arbeide for å fremje vekst i næringslivet samt medverke til å sikre stabil og langsiktig folkevekst i HAFS-regionen gjennom næringsfremmande tiltak.

 

HAFS Utvikling AS vart avvikla frå 2018 og det blei bestemt at næringsarbeidet skulle lysast ut på anbod. Det var då Laila Johannessen i eMal AS tok over arbeidet med å følje opp næringsarbeidet i Hyllestad. Eit oppdrag ho hadde fram til sommaren 2024.

 

I slutten av 2023 bestemte kommunedirektøren at næringsarbeidet skulle lysast ut som einßei fast stilling og at denne stillinga skulle kombinerast med behovet for samfunnsutviklar. Dette for å samordne og styrke det faglege miljøet innan Samfunnsutvikling og Teknisk drift.

 

I 2024 vart Linnéa Holsen Meier tilsett som Næring- og Samfunnsutviklar. Ho har bachelor innan organisasjon og leiing, og master innan entreprenørskap og innovasjon. Linnéa har ansvar for kommunen si førstelinjeteneste innan næringsetablering og -utvikling, og vil bidra inn i andre kommunale utviklingsprosjekt og overordna planlegging (kommuneplanen). I tillegg er ho ein viktig del av prosjektgruppa i Hyllestad Vekst.

 

Hyllestad kommune har eit sterkt samarbeid med Hyllestad Næringsråd (HNR), og det meste av arbeidet HNR utfører er forankra i kommuneplanen sin samfunnsdel «Verdiskapingskapittelet». Basert på mål og strategi gjennomfører dei handlingar og aktivitetar på områder der Hyllestad er gode, der dei har vekstmoglegheiter og der dei bør styrke seg. Med å ha fokus på, og å få dei rette menneska med, finn ein eigarskap til løysingar og får gjort noko med det.

 

Fokusområda i 2021 – 2024 er å:

 

  1. Utvikle Havbruk og tilhøyrande verdikjede
  2. Utvikle Reiseliv
  3. Dyrke, pleie og legge til rette for «levebrødsbedrifter» - dei som ikkje har ambisjonar om å vekse, men som er viktige etablerte lokale arbeidsplassar. (Butikkar, varehandel, byggefirma, helse- og velvære, landbruk, kunst/design osv.)
  4. Utvikle buattraktivitet
  5. Påverke og utvikle samferdsle/infrastruktur
  6. Jobbe aktivt med samfunns- og næringsutviklingsprosjekt som støttar opp om strategiane
  7. Vere ei god førstlinje for dei som vil etablere eller utvikle bedrift

 

På tvers av alle satsingane skal ein ha fokus på grøn næringsutvikling, innovative og inkluderande samfunn, og areal til næringsutvikling. Målet er heile tida å sikre verdiskaping, arbeidskraft og arbeidsplassar og vere litt i forkant på endringar dei ser vil komme.

 

Linnéa hjelper også å søke etter fondsmidlar når det gjeld nærings- og samfunnsutviklingsprosjekt. Ho har kontor på Hyllestad kommunehus, men vil kvar tysdag ha fast kontordag i Leirvik hjå Studiesenter Kysten (2 etasje på Leirvik Senter).

 

Om du har ein idé eller eit prosjekt du ønskjer hjelp til er det berre å ta kontakt.

 

Kontakt:

Næring- og samfunnsutviklar Linnéa Holsen Meier

Du når ho på telefon: 57 78 95 39

Eller du kan sende ho ei e-post: linnea.holsen.meier@hyllestad.kommune.no