Hyllestad kommune omsorgstenestene

Eiklund sjukeheim vart bygd på Sørbøvåg i 1967. Det vart endeleg bestemt at kommunen skulle få sjukeheim, men kvar den skulle byggast greidde dei ikkje å verte einige om. Etter mykje bygdestrid om lokaliseringa, vart det “tunga på vekstskåla” at ”Post-Johanna” – Johanna Sørbø - som var post- og telefonstyrar i Sørbøvåg, gav gratis tomt like ved Øn kyrkje. 

Tilsette ved Hyllestad omsorgssenter framfor inngangen til omsorgssenteret - Klikk for stort bilete

Behova og teneste har endra seg med tida, og i 2003 vart sjukeheimen bygd om slik at alle rom har vart til einerom og bygget har fekk to etasjar. Sjukeheimen har no 22 plassar fordelt på 3 avdelingar.

​Området rundt sjukeheimen er utbygd med til saman 24 omsorgsbustader. I august 2020 starta siste byggeprosjekt som skal resultere i ytterlegare 4 bustader. Heimetenesta har og sin base her så alle tenestene er samla i det som no heiter Hyllestad omsorgssenter.

​I omsorgstenestene jobbar det  sjukepleiarar, hjelpepleiar/helsefagarbeidar, vernepleiar, kokk, reinhaldar, ergoterapeut, fysioterapeut, aktivitør og merkantilt personell. Tilsynslegen er her fast ein gang pr veke. Omsorgstenesta har behov for mange forskjellige yrkeskategoriar, der alle er eit likeverdig team med ansvar for å følgje opp brukarane og drifta rundt dei.

​Omsorgstenesta er i stadig utvikling. Frå 2010 har dei  jobba med å få snudd drifta frå sjukeheimsbasert til meir heimebasert, mellom anna ved å flytte resurssar og opprette natteneste i heimesjukepleien. Slik kan ein ha døgnbemanning på omsorgsbustadane, og behovet for sjukeheimsplass vert redusert.

Dei har gjennomført eit velferdsteknologiprosjekt saman med dei andre kommunane i Sogn og Fjordane. Velferdsteknologi er digitale og tekniske verkty til hjelp for menneske med utfordringar i kvardagen, anten det er på sjukeheimen, omsorgsbustaden eller i heimen. 

Eksempelvis kan ein vere i kontakt med helsepersonell på video. Ein kan måle sitt eige blodtrykk og blodsukker, ta i bruk digital medisindispenser osv. 

Velferdsteknologi styrkar moglegheita til å klare seg sjølv, og meistre eige liv så lenge som mogleg i eigen heim. Dette er i tråd med Leve heile livet-reforma, som og er grunnlaget for helse- og omsorgsplanen til kommunen.

​I 2019 vart omsorgstenesta med i eit prosjekt kalla «Legevaktsatellitt», som er organisert under SYS IKL (Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt). På denne måten kan personar som har behov for helsehjelp og som ikkje kan vente til vanleg kontortid, få hjelp lokalt. 

Pasientane ringer legevakta i Førde som før, og dei vil vurdere om innringar skal få tilbod om å møte på satellitten.  Det skal altså vere eit supplement til den ordinære legevakta. Den er bemanna av sjukepleiarar som har gjennomgått kurs og opplæring for oppgåva, og under konsultasjon er satellitten kopla opp på videosamtale med lege i Førde.

​Omsorgstenesta jobbar for trygg velferd i eigen heim. For å sikre tryggleiken din kan du få ein tryggleiksalarm som er kopla opp mot alarmsentralen i Flora døgnet rundt. Om det skulle oppstå ein akutt situasjon i heimen, kan du på ein enkel måte få varsla og få den hjelpe du måtte trenge.

Einingsleiar er veldig glad for at dei no har på plass fysioterapeut som kan behandle, rehabilitere og jobbe førebyggande med pasientane. Mellom anna har ein  tilbod om «Aktiv på dagtid» tysdagar og torsdagar. Dette er eit lavterskel treningstilbod for alle, uansett alder.

​Det er verdifullt og viktig å ha eit kjøkken som lagar middag til heimebuande og til pasientane på sjukeheimen. Mange eldre slit med sjukdommar og situasjonar som gjer at dei ikkje klarar å ivareta eit tilfredsstillande kosthald. For lite næringsrik mat eller lite tiltalande mat kan føre til underernæring, som i sin tur er årsak til fleire helseproblem. Fokus på ernæring er viktig og det er ein styrke å ha eige kjøkken med kyndig personell.

Omsorgstenesta er ei lærebedrift. Her tek ein i mot elevar og studentar i praksis som skal bli helsefagarbeidarar. Mange av dei som jobbar i tenesta i dag har starta som tilkallingsvikarar før dei har teke helsefagleg utdanning. Lokal rekruttering er viktig på ein liten stad som Hyllestad.

Omsorgstenestene set stor pris på alle som ønskjer å hjelpe. Slik som til dømes Røde Kors som har tilbodet «besøksvenner», og kulturskulen eller koret som kjem og held konsert. 

Ein ser at folk har stor omsorg for sjukeheimen i Hyllestad, og stiller opp når dei treng hjelp eller inviterer til hygge for bebuarane.  Øen Helselag har vore ein stor bidragsytar i mange år, og skal ha mykje av æra for at ein har fått til ein fantastisk sansehage tilknytt sjukeheimen.  

Då sjukeheimen måtte stenge dørene under koronaepidemien, fekk ein Komp nettbrett i gåve frå Røde Kors besøksteneste og Handikaplaget i Hyllestad.  Slik kunne pasientar og pårørande halde kontakten når dei ikkje kunne møtast fysisk.

​Omsorgstenesta vil alltid vere ein spanande, allsidig og sikker arbeidsplass for dei som vil jobbe med menneske. Dersom du eller  nokon du kjenner brenn for helsefaget, sjølv om ein er i eit anna yrke no, må dei ikkje nøle med å ta kontakt med administrerande leiar for omsorg Unni Systaddal.

 

Kontakt:

Hyllestad omsorgssenter

Åfjordvegen 903

6958 Sørbøvåg

 

Du kan ringe sentralbordet på omsorgssenteret på 577 89 600

 

 

Eller kontakte:

Administrerande leiar Unni Systaddal:

Du når ho på telefon: 577 89 605

Eller du kan ringe ho på mobil: 481 79 160

Eller så du kan sende ho ein e-post på: Unni.Systaddal@hyllestad.kommune.no

 

Fagleiar omsorgstenestene:

Hilde Merete Håvåg

Du når ho på telefon: 577 89 609

Eller du kan ringe ho på mobil: 404 14 761

Eller du kan sende ho ein e-post på: Hilde.Merethe.Havag@hyllestad.kommune.no

 

 

Lenke til helse og omsorgstenestene i Hyllestad kommune