For å jobbe her er det ynskjeleg at ein har ingeniørutdanning, gått teknisk fagskule eller har lang erfaring innan fagfeltet.
På avdelinga er det pr. i dag tre tilsette; Idar, Rolf og Gaute. I tillegg er Jostein Nyland er innleigd som byggesakshandsamar.
Jostein har ansvar for byggesaker. Skal du til dømes bygge noko er det han som handsamar søknaden. Idar jobbar med regulerings- og arealplanar. Han handsamar og private reguleringsplanar, utarbeidar areal- og samfunnsdel til kommuneplanen og arealplanar som kommunen har sjølv. Gaute er avdelingsleiar, og i tillegg til å koordinere alt som skal gjerast, har han ansvar for kart og oppmåling.
Avdelinga jobbar med kvart sitt fagfelt, men har samla ansvar for planlegging og utvikling av kommunen sine fysiske miljø og på offentlege reguleringsplanar. Plan og utvikling har og ansvar for mellom anna miljø, forureining og uttale til konsesjonssøknadar (akvakultur og kraftproduksjon).
Dei jobbar til dømes med arealdelen til kommuneplanen. Dette er eit verktøy for å styre kommunen si utvikling i den retninga ein ynskjer, og planane set rammer for bruk og utforming av areal og bygningar i kommunen. Her er det viktig at folk fylgjer med og engasjerar seg.
Kven som helst kan komme med innspel, men det er viktig at du gjer det no for å få det med i arealdelen. Elles må ein ha dispensasjon og det er ikkje alltid like enkelt.
Saker som ver jobba med no er områdereguleringsplan på Salbu, endring av detaljreguleringsplan for bustadfelt på Salbu, tettstadprosjekt og nye Hyllestad skule.
I forhold til framtida og vidare utvikling vil avdelinga jobbe med å tilby dei lovpålagde tenestene på best mogeleg måte. Avdeling for samfunnsutvikling og teknisk drift vil framleis ha ei sentral rolle når det gjeld planlegging og gjennomføring av fysiske tiltak i kommunen, samt sakshandsaming og forvaltning knyt til ulike lovverk.
Kontakt:
Kommunalsjef for samfunnsutvikling og teknisk drift Gaute Lundeland.
Du når han på telefon 577 89 529
Eller på e-post: Gaute.Lundeland@hyllestad.kommune.no
Her kan du lese meir om samfunnsutvikling og teknisk drift i Hyllestad kommune