Seinare bygde sonen eit bygg i Skifjorden som skulle vere ein internatskule. Men det vart butikk, verkstad og filial til Jarl Skofabrikk i stadenfor.
I 1964 starta Haldor Bjørnestad, Ottar Solås og Hans Waage opp Skico-Plast A/S. Der vart det produsert plastbåtar, og på det meste bygde dei fire båtar i døgnet i tillegg til at dei produserte kjølekummar for meieri og anna.
Skico-Plast A/S vart forløparen til Solås Plast AS.
Etterkvart tok sonen Henry, og seinare sonesonen Haldor Bjørnestad over drifta og bygget. Dei utvikla bedrifta til å bli lager og transportstasjon for Felleskjøpet (den gang Stormøllen kraftfôr). Her jobba og nevøen til Haldor, Håvard Bjørnestad som lastebilsjåfør. Han var oppvaksen i Bergen, men hadde ei stor tilknyting til Skifjorden, der han ferierte kvar sommar.
I 1986 bestemte Håvard seg for å flytte til Bjørnestad. Han tok etterkvart over drifta til onkelen, så no er det han som er «Eftf.» i bedrifta.
O.M. Bjørnestad Eftf. er framleis distributør og lager for Felleskjøpet, der dei hentar og køyrer ut varer til landbruket. I tillegg til dette tilbyr dei containerutleige. Håvard kan køyre alt frå trelast, grus og til bulkvarer.
Det mange kanskje ikkje er klar over er at Håvard og tilbyr liftutleige. Han har ein personlift som kan løfte 18 meter. I tillegg sel han dekk, og er forhandlar av Mercury påhengsmotorar.
Håvard har ikkje lett for å seie nei og er difor mykje på jobb. Når ein driv med transporttenester vert det ikkje mykje "åtte til fire jobb", men meir ein livsstil. Men det er ein veldig variert jobb som Håvard ikkje ville vore forutan. Han har ikkje angra eit sekund på at han valde å flytte til Bjørnestad og overta generasjonsbedrifta.
Det blir lite fritid, men når han først har fri har han fantastiske naboar, mykje liv og moro på kaien, tilgang til flott jaktterreng og ein friheit som kjennast heilt herleg. Og han er far til to kjekke ungdommar som ofte er heime.
Kontakt:
Håvard Bjørnestad
Telefon: 906 55 927
E-post: haavard@bjoernestad.no
Bjørnestad transport finn du og på Facebook