Og slik enda det opp med at Marit, som aldri i sitt liv hadde tenkt på å drive gard, overtok Risnes gard og tilhøyrande sjøbu.
Ho fekk god hjelp av familien til å rydde opp og stelle i stand, men alt var attgrodd, og der var meterhøge kjempebjørnkjeks og massevis av ugras. Det var uhandterlig med dei reiskapane dei hadde, og å få det vekk ville verte veldig kostbart.
Marit måtte finne andre løysingar, og byrja å lese om Kasjmirgeita. Den elskar nemleg både ugras og Kjempebjørnkjeks. I tillegg er den eigna for å vere utandørs heile året og tåler godt kulde og snø. Etter at ho hadde lese om dei var vegen kort til å bestille Kasjmirgeit til Risnes gard.
Det starta med nokre få, men etter ei stund var dei over 50!
I fjor tok ho den tunge avgjersla med å slakte dei eldste, så no har ho «berre» 33 att. For Marit har geitene vore heilt avgjerande for drift av garden, då ho aldri hadde klart å oppretthalde slikt vedlikehald utan dei.
Ideen om å bruke den gamle sjøbua til utleige og turisme fekk Marit etter at ho overtok garden. Tidligare var sjøbua kun brukt til fiske og oppbevaring av garn, så det var mykje som måtte gjerast om det skulle gå an å bu og leve der. Heldigvis for Marit så var far hennar ein veldig god snikkar, og hjalp ho å teikne og å bygge. Utgangspunktet var berre eit skal, der dei måtte rive ned alt innvendig og isolere. I tillegg fekk dei bygd på eit loft.
I 2009 stod Naustvika sjøbu klar for utleige. I fyrste etasje er det vanleg sjøbu, med sløyebenkar,innlagt vatn og fryseboks. Utanfor ligg det to båtar til utleige, i tillegg til to kajakker. I 2. etasje er det opphaldsrom med opa kjøkkenløysing, langbord, stove og eit stort bad med toalett og badekar. I 3. etasje er det to soverom med tre sengeplassar på kvart rom, ope loftsrom med sovesofa og eit lite bad med toalett. Gjestane kan gå rett frå sjøbua og ut i sjøen, eller dei kan besøke geitene som går på bøen rett bak sjøbua.
Marit har profilert sjøbua for tyske turistar gjennom reiseselskapet Interchalet. Det har stort sett vore fullbooka sesongar (1. mai - 1. oktober) heilt sidan ho byrja med utleige. Ho er veldig fornøgd med gjestane ho har hatt, og har berre positive erfaringar. Dette er ikkje noko ein blir rik av og inntektene går rett til vedlikehald og reparasjon av sjøbua og garden.
Marit veit at det er endå større potensiale i Risnes gard, men so lenge ho jobbar fulltid i Førde så har ho ikkje kapasitet til å utnytte dette fullt ut. Når ho går av med pensjon har ho lyst å utvikle Risnes gard meir. Ho skal få hjelp av svigersonen til å lage ei betre heimeside og ho har mange tankar og idear om korleis ho kan drive og drifte garden betre.
Ein ting er vertfall sikkert; Marit kjem ikkje til å kjede seg den dagen ho vert pensjonist!
Kontakt:
Marit Risnes
Telefon: 415 46 291
E-post: ombodet.marit@gmail.com