Sogn Bygg AS

Jan Åge Solstad jobba som tømrar for det som den gang heitte Jo-Ry Byggmarked AS i Hyllestad. I 2005 bestemte han og tre andre seg for å starte for seg sjølv.

 Saman starta dei Sogn Bygg AS.  Dei starta med oppdrag i Bergen og ble verande der i fem år. I 2010 flytta dei heim att til Hyllestad. Då var det blitt ein del endringar på eigarsida, og Yngve Hovland kom inn som eigar. No eig Jan Åge og Yngve 50 prosent kvar, og er dei einaste tilsette.

Sogn Bygg utfører alt arbeid relatert til tømrarfaget. Dei gjer alt frå rehabilitering til nybygg. Nybygg er det dei likar aller best. Dei trivast best med reisverk og utvendig bygging. Men etter å ha jobba utandørs i mange år, har dei lært seg at det er viktig med gode arbeidskle slik at dei helde seg tørre. Dei har mange minner frå då dei sat kalde i bilen i lunsjen, kliss blaute og det dogga på rutene... Det første Jan Åge og Yngve kjøpte seg etter at dei vart aleine var difor ei god arbeidsbrakke! Strategien er enkel. Ein investerer i anleggsmidlar og verkty etter kvart som ein verdiskapar, puttar pengane tilbake til selskapet og unngår lån.

Sogn Bygg jobbar mykje på oppdrag frå andre, og jobbar mellom anna ein god del for Ryland Bygg AS og Ole-Helge Solstad AS. Dei var for eksempel leigd inn til tømrararbeidet på Hyllestadhallen. Og akkurat no har dei reisverk og utvendig arbeid på nybygg i Lavik 

Dei har begge familieliv og fritidsinteresser i Hyllestad. For Jan Åge og Yngve har det vore viktig å halde seg innafor ramma av vanleg arbeidstid. Dei ynskjer å gjere ein best mogleg jobb, halde ein høg kvalitet på arbeidet sitt, og samstundes vere effektive. Dei har ein svært krevjande fysisk jobb, og for å kunne stå i arbeid fram til pensjonsalder, er det viktig å vere bevisst på balansen mellom arbeid, fritid og god helse.

Marknaden til Sogn Bygg er stort sett i dagpendlaravstand heimatt frå. Men dei tek og oppdrag i Solund, Førde, Bergen osv. Dei likar variasjon, både når det gjelde plassar og kva type oppdrag dei får.

Heilt sidan firmaet vart starta, er det jungeltelegrafen og gode lokale samarbeidsnettverk som har vore marknadsføringskanalen. Dei har god tilgang til arbeid, og dei er opne for å ta inn lærling dersom ein får tak i ein god kandidat og det samstundes passer inn i oppdragsporteføljen. 

Jan Åge og Yngve trivast svært godt i Sogn Bygg. Det er kjekt å vere likeverdige eigarar og vere samkøyrd i måten å drive firma saman på.

 

Kontakt:

Dagleg leiar Jan Åge Solstad, telefon 482 49 530

Tømrar Yngve Hovland, telefon 469 45 708