Det var mykje jobb i oppstarten med praktisk arbeid og rydding for å få det klart. Dei har malt og renovert, og kjøpt inn mykje nytt utstyr til både kjøken og treningsrom. No ønskjer dei at Sognhostel skal vere ein koseleg overnattingsplass for gjestar året rundt.
Det er Anne Berit og dottera Marita som har ansvar for drifta av Sognhostel og dei står for vertskap, booking, vasking og rydding. Dei ynskjer å ha kontakt med gjestane sine og bidreg gjerne med anbefalingar til kva ein kan gjere i besøksområdet.
Dei ser verdien i å samarbeide med andre bedrifter i kommunen. På den måten kan tilby ei oppleving for gjestane, slik at dei vil bli verande lenger, og oppleve alt det vakre Hyllestad har å by på. Som gjest på Sognhostel får ein bu stille og roleg i naturlege omgjevnader. Sognhostel har 20 rom og kan ta i mot meir enn 50 gjestar. Gjestane har tilgang til eit stort uteområde med rom for mykje aktivitet og moro.
Anne Berit og Marita er spente på utvikla av Geo- og regionalparken, og trur det vil gjere at interessa for Hyllestad vert større.
Frå sesongen 2021 har Sognhostel også oppstillingsplass for bubilar, tømmestasjon for bubilar og moglegheit for telting på uteområdet.
Kontakt:
Sognhostel
Åfjordvegen 676
6958 Sørbøvåg
Telefon: 907 87 693
E-post: post@sognhostel.no
Besøk gjerne Sognhostel si heimeside