Tore Stene og ein av båtane han har på lagring i bygget til Stene Båtservice.Bygget som Stene Båtservice held til i, var eigentleg tenkt som verkstad for lastebilane. Men etter samtalar med mellom anna Finio og deira satsing mot næringslivet, såg han ein mogelegheit for å gjere hobbyen sin til yrke, og bestemte seg for å bruke bygget til verkstad for fritidsbåtar.
For Tore er samarbeid mellom næringar særs viktig, og han meinar at dei ulike maritime og mekaniske bedriftene som har blomstra opp i Sørbøvågområdet er flinke til dette, og utfyller kvarandre godt. Tore seier at for å få suksess må ein også unne andre suksess. Dei må bruke kvarandre for å behalde ekspertisen i området og har allereie inngått avtalar med Sognefjord Boating og Finio.
Båt er, og har alltid vore, den store lidenskapen til Tore. Han seier sjølv at han er over gjennomsnittet interresert i båtar og har over mange år opparbeida seg solid kompetanse på området. Tore har også knytt til seg dyktige medarbeidarar som er spesialistar på sine områder og kan på den måten tilby alle typar service. Planen er at Stene Båtservice skal ha fire tilsette.
Markedet dei rettar seg mot er fritidsbåtar inntil 50 fot, og tilbyr service for desse. I tillegg til alle typar service på båtar, som til dømes glasfiberreparasjonar, innvendig opptrekking og motorreparasjonar, tilbyr dei også service på vannskutarar.
Dei driv også med sal av båtutstyr og reservedeler. Dei har ikkje fysisk butikk, men vil prøve å bygge seg opp eit lite delelager og skaffar elles alt du treng til båten din til hyggjelege prisar. Det er førebels ingen planar om båthotell, men dei har fått nokre førespurnadar om vinterlagring og vil difor tilby lagringsplass utandørs med tilrettelagt straum.
Plasseringa til Stene Båtservice er unik, det er ikkje mange som tilbyr det dei kan tilby i området mellom Florø og Bergen. Særskilt innvendig arbeid er det få som driv med. Ferievanane til folk har, av ulike grunnar, endra seg dei siste åra, og salet av fritidsbåtar har nærast eksplodert. Etterspurnaden er større enn leveringsevna på denne typen båtar og Tore ser ikkje føre seg at dette kjem til å endre seg særleg.
Dei er no i gang med søknadsprosessen for å få opprette slipp og veg ned til sjøen på Giil (sjå situasjonsplan). Før dette er på plass, må dei hente båtar og frakte dei til seg på båtvogn. Dei håpar å få godkjenning på plass slik at dei kan byrje å bygge i sommar og ha det ferdig til august for å møte haustsesongen.
Stene Båtservice ser lyst på framtida og vil at kundane skal vere med å forme tilbodet dei skal gje. Dei jobbar no med å oppgradere og utvikle nettsida si, der du kan kontakte dei med alle typar førespurnadar, til dømes bestilling av service, deler og båtrekvisita. Sida har oversikt over det dei kan levere i tillegg til ein bruktmarknad der dei vil legge ut ting til sals for kundar.
Kontakt:
Tore Stene
Åfjordvegen 1040
6958 Sørbøvåg
Telefon: 975 92 260
E-post: post@tstene.no
Heimesida til Stene Båtservice finn du her