Kva gjer vi på
HNR skal saman med Hyllestad kommune medverke til lokal vekst og utvikling. Medlemmane i HNR jobbar for å oppnå størst mogleg verdiskaping gjennom å fremme ressursane som finst i kommunen. Dei ønskjer å synleggjere mangfaldet i næringslivet og inspirere til meir vekst. HNR skal legge til rette for nettverksbygging og kunnskapsdeling for medlemmane. Dei skal også vere ein tydeleg stemme i strategisk viktige saker innad i kommunen og i regionen forøvrig.
I 2021, og kommande fireårsperiode, har HNR og Hyllestad kommune eit ekstra fokus på havbruksnæring, reiselivsnæring, levebrødsbedriftene og samferdsle/infrastruktur. I tillegg støttar dei opp om felles prosjekt og arrangement som styrkar lokalt næringsliv eller bidreg til attraktivitet og bulyst.
I dag har HNR 53 medlemmar. Men no har dei lyst til å bli enda større og utvikle seg som medlemsorganisasjon. Det betyr at dei vil inkludere alle som brenn for lokal næring- og samfunnsutvikling. Uavhenging om du representer næringsliv og organisasjonar, om du er politikarar eller privatperson. Saman kan HNR bli ein meir synleg og attraktiv medlemsorganisasjon.
Kven kan vere med
HNR gjennomfører medlemsmøter, styremøter, fokusgruppemøter, kurs, arrangement og andre tiltak som vil vere til gagn for medlemmane, kommunen, bygdene og nærmiljøa.
Dersom di bedrift, organisasjon eller du som privatperson ønskjer å bli medlem i HNR, kan du sende dei ein e-post eller ta kontakt direkte med styreleiar.
Kontaktperson
Stian Hatlem (Leiar)
Telefon: 971 80 460
E-post: post.hnr@hyllestad.org
Besøk gjerne Hyllestad Næringsråd på facebook