Coskun Eigedom

Då bygget til den gamle skulen i Leirvik vart lagt ut for sal i 2014 fekk Galip Coskun ein ide om å gjere det om til eit turistområde.

Gamleskulen i Leirvik som badar i sol. - Klikk for stort bileteGamleskulen i Leirvik. Som namnet tilseier var det tidlegare skule og barnehage her.


Då bygget til den gamle skulen i Leirvik vart lagt ut for sal i 2014 fekk Galip Coskun ein ide om å gjere det om til eit turistområde. Han kjøpte bygget, og stifta Coskun Eigedom. På same tid var det eit stort behov for asylmottak i Hyllestad kommune og Galip fekk mange telefonar frå ulike hald om han ville leige ut bygget. Han gjorde ein midlertidig avtale med Norsk Mottaksdrift, og i 2016 var heile bygget klargjort for å ta i mot 40 mindreårige asylsøkjarar.

Det er mange krav som må oppfyllast for å få eit asylmottak godkjent. Bebuarane sine grunnleggande behov skal sikrast, samt den enkelte sitt behov for tryggleik og sikkerheit. Bygget må vere godkjent etter TEK10 eller seinare føreskrift.

Med andre ord vart bygget, som ikkje var gjort noko med før Galip kjøpte det, totalrenovert då han overtok. Alt vart endra innvendig og er no av topp kvalitet. Det viktigaste for Galip er sikkerheita.

Eit år seinare vart mottaket stengt ned og bygget har sidan då vore utleigd ut til mellom anna arbeidarar på Havyard. I bygget er det no plass til 29 personar. Dei har innlagt fiber, eit stort felles kjøkken på 50 kvm. og eit aktivitetsrom på 80 kvm. Der er seks dusjar, der fire av dei er i ein felles garderobe, medan dei to andre er på separate bad. Bebuarene får sjølv bestemme korleis dei vil ha det, og om dei ønskjer å ommøblere kan dei det, så lenge dei ikkje øydelegg noko.

Jobben til Galip er å vere vaktmeister. Han ser til at bygget er i god stand og at alt er som det skal. Det er stadig ting som må fiksast og no til sommaren skal han fokusere på det utvendige. Han skal mellom anna byte tak og male husveggane.

Bygget er populært for arbeidarane på Havyard. Det ligg nær butikk, og aktivitetsrommet er særleg godt brukt av bebuarane.

​Er det noko Galip angrar på då han fyrst renoverte bygget, er det at han ikkje installerte dusj på kvart rom. Spesielt med tanke på at han ynskjer å leige ut til turister. Han kjem til å fortsetje å leige ut til Havyard, men på sikt ynskjer han å utvikle bygget for turisme. Men då må han endre på konseptet og bygge fleire rom med dusj. 

Galip er litt i tenkefasen på kva han skal gjere. Det er mange moglegheiter med bygget; kanskje vil han gjere noko om til leiligheiter, medan ein annan del av bygget kan vere for turisme og kortare opphald? Han har og ein ide for aktivitetsrommet i kjellaren. Han ser føre seg at det på sikt kan bli eit lokale for møter, selskap og liknande arrangement.

Det er mykje som kan gjerast og ideane er mange, men Galip må ta ting gradvis. Framtida vil vise kva han vel å gjere med bygget.

 

Kontakt:

Galip Coskun

Telefon: 412 72 389

E-post: post@lavikdekk.no