Eigarane Roar Einen og Erna Bråstad på altanen i andre høgda på Leirvik Senter.Erna og Roar leigde frå før 30-35% av arealet og då dei fekk tilbodet om å overta heile bygget slo dei til. Men bygget bar preg av at det vart oppført i 1986 og dei såg at det var mykje å gjere.
Dei har skifta heile ventilasjonsanlegget og taket, samt pussa opp fasaden. Då begge har full jobb i kvar si bedrift, har det vore mykje arbeid å ta over bygget. Men dei er begge einige om at det har vore verdt det.
I tillegg til å oppgradere bygget, gjorde dei klart lokale for utleige av leiligheit til Fjord1 sine tilsette. Dei har og utleige av hybel.
Det har vore mange endringar i bygget og no er andre etasjen meir eller mindre eit næringslokale. Her finn eit Havbruksmiljø beståande av BKK Enotek, Akvahub, Bulandet Miljøfisk, Arez og Akvavet. Dette er eit miljø som er i vekst og Erna og Roar må no sjå på nye løysingar slik at dei kan få meir plass.
I første etasje finn vi Bunnpris, Blomstertorget, Fjordfin Frisør, Fotterapeut Eli Gro Fedje og Accountor Hope Rekneskap.
Om det er nokon som har behov for kontorareal/driftsareal, er det berre kontakte Leirvik Utleigebygg. Erna og Roar vil alltid prøve å legge til rette slik at lokala vert mest mogleg skreddarsydde. Jo fleire ein er saman, dess betre.
Dei tykkjer det er kjekt å vere samlokalisert i eit større miljø, og det trur dei bedriftene i bygget og er einige om.
Kontakt:
Roar Einen
Telefon: 971 78 890
E-post: roareine@online.no